| "Ola oppon Bergje"
Ola Kåsen, (1868 - 1952) var den siste oppdaling som levde av bare jakt, fangst og fiske. Etter 1 km fra parkeringsplassen går vi forbi huset han bodde i hele livet, og uthuset der kua og veden hadde sin plass. Drikkevann kunne han hente ved vannkilden like ved. Her ser vi også rester etter matkjelleren til Ola Kåsen. I 1914 noterte han alt han fanget, det ble store tall: 3762 ryper, 120 storfugl, 98 harer, 9 blårev, 9 kvitrev og 1 rødrev. Ola hadde en enkel religion. Han sa " Kjerka for me æ naturn å skaparverket som e har omkreng me kvar dag. Og når e kjæm oppå fjelle, æ de som å kommå inn i de aller helligste". | |
Ingrid Synnøve og Helge Ringdal, og Jan Erik Solbakken (t.h.) er idag eiere av gnr. 26 bnr. 1 i Oppdal Kommune. Dette var eiendommen til Ola Kåsen. De hadde noen få minner fra Ola Kåsen som de gjerne ville dele med oss. Dette var bl.a. noen bilder og en innrammet fortelling/historie om Ola Kåsen. Denne var skrevet av Vidar Rogdo. Vi vil her gjengi denne i sin helhet slik den da ble skrevet: |
Vidar Rogdo fortel om ein fangstmann frå Oppdal Ola under BergetI "trollskogen" under Almenberget i Oppdal ligg ein liten plass som heiter Kåsen. Vi kom dit ein sommardag for å feriere. Vi kopla herleg av i graset på den torvtekte stova nokre dagar. Men så vart vi forvitne etter kvart: Denne plassen hadde si historie, og ein del måtte det sikkert gå an "å lirke" ut av folkt i bygda. Det vart på ein måte eventyret om Den sjuande far i huset om igjen. Den første vi møtte på, var svært så smålåten. -Nei, han visste ikkje stort, men det fanst ein på nabogarden, han visste nok meir. Og vi luffa og gjekk, fra den eine garden til den andre og fekk samla ein del opplysningar. Han som rydda plassen i skogen under Almenberget, var ein kjempesterk smed, fortalde Ingvard Mjøen. Han hadde treifa vide omkring i landet før han slo seg til ro her og vart bygdesmed. Han sette seg opp ein smie som dessverre brann ned for han ei mørk natt. Etter den dag fikk han bruke smia på nærraste garden - Nordmjøen. Dette var omkring 1853, i den tid da Bjørnstjerne Bjørnson ofte reiste gjennom Oppdal på veg til eller frå Kristiania. På desse reisene stansa Bjørnson ofte nokre dagar på lensmannsgarden i Oppdal. Og ikkje sjeldan tok han inn til Kåssmeden og slo av ein prat med han. Kåssmeden heldt ei Kristiania-avis og fylgde godt med i tankar og idear som var framme i tida. Bjørnson var elles forelska i ei oppdals-jente, - Augusta Mjøen, men foreldra til Augusta var "tverre mot den fattige studenten". Bjørnson prøvde å vise at han var noko kar med å klatre i Almenberget, men det var ikkje nok at han var ein bra fjellklatrar. BØRSA I SMIAVLENSmeden kunne vera morsk og sint når han stod i smia: - Æ det noko de vil? Elles går de utatt! sa han til gutlarvane når dei kom for ofte på besøk. Dei skarpe lydane fra jern og stål gjorde dei forvitne. Og dessutan var det eit forlokkande syn å sjå dei kraftige armana til smeden svinge storslegga mot eldraudt, stjernesprutande jarn. Ei lita jent som enda ikkje snakka reint, kom inn til smedkona ein dag og spurde: Æ han dint (sint) smeden i da? Ein gong fekk smeden ei børse til reparasjon. Utan å sjå nærmare på børsa, la han henne i avlen og skulle varma ho litt. Det var skot i børsa. Skotet gjekk av og havna i veggen like ved sida av smeden. Da vart han styggsint, greip børsa med kjempenevane sine og bøygde ho til ein klave. Det blir fortalt at mannen som åtte børsa fekk ein alvorleg påpakning da han skulle henta ho igjen. RYPEVONERSmeden hadde ei dotter som heite Randi. Ho fekk ein son som dei kalla OLA. Det blir fortalt at Randi var på bygda i onnearbeid same dagen som Ola kom til verda. Det var berre så vidt ho rakk å kara seg gjennom skogen og heim til Kåsen før Ola kom. Far til guten såg dei ikkje noko til. Dei måtte greia seg sjølve, Ola og mora. Innover fjellet - bak Almenberget og austover mot Karihø - hadde smeden sine "rypevoner". Ola vart med bestefaren innover på rypefangst og jakt frå han var berre småguten. Og på desse turane var smeden i godlune, det var derimot ikkje alltid tilfelle når han stod i smia. Og Ola fekk meir lyst på jaktlivet enn smie-arbeidet. Ingen vågde å setje opp snarer i smeden sitt jaktområde. Det var ei uskreven lov at det terrenget ein mann hadde brukt i lengre tid, det fekk han ha for seg sjølv. | |
OLAOla vart ein høg og kraftig kar, med eit sterkt, markert ansikt. Den stadig kontakten med alt levande i skog og fjell, skjerpa sansane hans og gjorde han årvaken og vaktsam. Han trong ingen hund til å "skøyte på" sansane sine. Da bestefaren vart gamal og døyde, tok Ola over jakt-terrenget hans. Eg skulle ein gong prøva å kappgå med Ola i fjellet, fortalde ein annen oppdøl. Men han gjekk ifrå meg enda eg var ung og sprek. Ola var ikkje så heilt ung lengre den gongen. Han "rulla" av stad slik som samane gjer det. Han hadde sin eigen innøavde fart og kunne vanskelig omstille seg til det tempoet som høvde for ein annan. Ein gong Ola kom frå eit læger ca 7 mil inne i fjellet, låg det innkalling frå det militære til han heime i Kåsen. Ola tok seg ein matbit, pusta på eit lite kvarter, så gjekk han nye 7 mil nedover til Støren same dagen. Orienteringsevna hans var god. Han gjekk i fjellet i alle slags ver, likte å røyne krefter mot naturmaktene. Han hadde sine private merke som han orienterte seg etter. Når han kom ut for snøstorm, hende det at han måtte hogga hol på isen på bekker og elvar for å konstatere kvar for ein retning vatnet rann. |
FANGSTMANNENMøtte ein Ola på vinterstid, gjekk han kledd i vadmmålsklede. Han tok seg fram på ski, over aksla hang børsa, og bak på ryggen dingla det ein sekk. Med visse mellomrom gjekk han sine vanlege turar for å sjå om fellar, snare og sakser. Inni Sissihø finn ein enno restar etter snaregardane hans. Rypene selde han på "Mjøabua", og der fekk han da igjen dei viktigaste ting til livsens opphald, slik som brød, smør, kaffi og tobakk. I løpet av ein vinter kunne det bli ein fin samling av pelsverk på veggene i den sotsvarte stova hans Ola. Der hang det mårkattskinn, reveskinn, skinn av jerv og gaupe, og skinn av røysekatt og ikorn. Han sat ofte og flådde rev eller røyskatt når vi kom på besøk til ham, fortalde Gunnar Grøtte, og da lukta det stramt der inne. Men det fekk ikkje hjelpe, for Ola hadde så mykje å fortelja frå alle jakt-turane sine at vi gløymde snart lukta. Han hadde ein eigen kraftig og original måte å fortelja på. Og jaktsogene var spanande. Det dirra kring spørsmålet: Råka han viltet han skaut på? Vart det fangst denne gongen? Men det var meir i jaktsogene hans enn spaning. Det var fantasi, det var "geografi". Landskapet steig fram gjennom fortteljinga, ikkje som skildring i det vide og breie, men hendingane skapte synsinntrykk av fjell-landskapet der han tana av stad etter ein mår eller ein rev. Ola var som ein gjengangar frå ei kvorven tid da folk livnærte seg av jakt og fangst. Og medan vi sat der og prata i skinet frå lysomnen om kveldane, kunne Ola brått spretta opp og gå med lange steg bort til vindauga. Da hadde han høyrt eit eller anna frå skogen. Og det er sikkert nok, - han høyrde uvanleg godt. ORKANEN I 1929På sine eldre dagar hadde Ola ein liten revefarm i lag med far min, fortalde Gunnar vidare. Om våren fann han revehi, ungane tok han med heim og ol opp. Så kryssa han raudrev med sølvrev og fekk krossrev som var bra i pris ei tid. Ja, ein gong ol forresten Ola opp ein kvitrev også. Den fylgde etter Ola kvar han gjekk og stod, men vart etter kvart litt lei til å snaske med seg ting frå huset. Kvitreven drog av stad med klede, rieskapar og til og med pipa hans Ola vart borte ein dag. Da vart det for mykje av ein god ting. Ola avliva reven. I 1929 gjekk det en orkan over Opdal. Midt under verste uveret kom Ola bort til oss. Nei, nå sku du sett borti skogom, sa han da han kom innom døra. Trea låg som i ein urskog, og jorda gjekk i bylgjer under beina mine. Eg måtte klatre og krype heile vegen for å koma fram. Og før han gjekk frå Kåsen, måtte han leggje tunge steinar på revebura sine, så dei ikkje skulle blåse bort. Da han heldt på med det, kom det ein stormflage som hadde teke han om han ikkje hadde hatt ein tung stein i fanget, nettopp da. |
|
Da Ola fylte 70år under siste verdskrigen, hadde alle venene hans i Oppdal vorte samde om at dei skulle gje han ei gåve. Han skulle ha ein radio, men det fekk dei ikkje tak i før krigen var over. Men i juni 1945 fekk Ola radio, og den gamle fangstmannen vart hylla av venene. Dette betydde så mykje for Ola, at frå den dagen byrja han med ei ny tidsrekning. Dagen kalla han for "bryllaupsdagen min" (Ola var ungkar all sin dag). Ola hadde all sin dag levt enkelt, og han var nok for det meste ein einsam mann. Men på sine turar i skog og mark hadde han lært seg å "lesa" i "naturens store bok". Og bøker kan vera godt selskap. Ola vart etter kvart ein vis mann på sitt område. På sine eldre dagar vart han skral til beins, og da var det bra å ha radio i huset. Våren 1952 døyde Ola Kåsen på Oppdal aldersheim. Da var han 82 1/2 år gamal. Han likte ikkje å flytte fra Kåsen. Det vart for stor overgang for den gamle fangstmannen å koma frå den sotsvarte stova under Almenberget til det skinande kvite romma på aldersheimen. Men fra aldersheimen kunne han sjå over til Kåsen. Det hende at han sukka og sa: "Det fins ingen stan så pent som i Kåsen". Vidar Rogdo |
|
| Fjøset til Ola Kåsen slik det ser ut idag. Her inne var kua og kalven. Rolf Borvik forteller at han ofte var oppom Ola Kåsen med mat. Og han husker godt hans "jakt-blikk". Sansene var gode. Når Rolf kom med fløte, så var det ho pissi som fikk først. Hvis det ble noe til overs, tok Ola dette. Ola var ikke så nøye med rensligheten. Det luktet stramt av en god fangstmann. |
|